ER DU VÅR NYE KOLLEGA SOM VIL TA VOSSEVANGEN BIL VIDARE?

Som avdelingsleiar vil du få overordna drifts- og resultatansvar. Du er opptatt av å skapa gode kundeopplevingar, gjennom motiverande og kunnskapsrike medarbeidarar. I tillegg vil du bidra til avdelingas utvikling gjennom aktivt sal til nye og eksisterande kundar.

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Ansvar for å leie servicemarked
  • Leie den daglege drifta av verkstaden. Her under omsetjing, driftskostnader, kundeoppfylgjing, kvalitet og service.
  • Utvikle medarbeidarar for å sikra kompetanse og personleg utvikling hjå medarbeidarar.
  • Sjølv vere ein aktiv del av drifta på avdelinga, inkl. oppsøkjande sal til nye og eksisterande kundar.

YNSKJA KVALIFIKASJONAR

  • Fagbrev som bilmekanikar med minimum 4 år godkjent praksis.
  • Relevant erfaringsbakgrunn som teknisk leiar – bilverksted klasse 01.
  • Erfaring frå sal, driftsleiing, personalleiing og medarbeidarutvikling.
  • God forretningsforståing og gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B er eit krav.

PERSONLEGE EIGENSKAPER

  • Glimt i auga, godt humør og glad i å arbeida med menneskjer i ein hektisk kvardag.
  • Samlande og inspirerande person med evne til å skapa eit positivt arbeidsmiljø i eigen organisasjon, og gode relasjonar til våre kundar.
  • Ambisiøs, sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Resultatorientert og med stor grad av gjennomføringsevne.
  • Jordnær og uformell med evne til å handtere ulike interessegrupper.

ME TILBYR

  • Eit hektisk og triveleg miljø
  • Godt miljø med dyktige kollegar og godt samarbeid med importør
  • Pensjonsordning
  • Lønn etter avtale
Søk på stillingen:  
CV og søknad sendes: Søk her!
Frist: Snarest
   
Søkere bes vennligst henvise til BilJobb.no i søknaden.
   
Spørsmål om stillingen:
Kontakt: Liv Bekkenes
Tittel: Daglig leder
Telefon: 915 54 871

Vossevangen Bil AS er eit dotterselskap av Subaru Norge AS, som er ein av pionerane innan norsk bilbransje. Me er din Subaru, MG & SsangYong-forhandlar på Voss og omland og er i spanande utvikling. Me sel nye Subaru, MG & SsangYong, brukte biler og har ein autorisert verkstad med sal av deler og utstyr. Vårt team har fokus på samarbeid og kvalitet. Vossevangen Bil ynskjer at det for kunden ikkje berre skal vere eit bilkjøp, men også ei oppleving å handle hjå oss.

Visjon: Me skal vera nummer 1 i distriktet på kunde- og medarbeidarlojalitet.